Komplette sløkkeanlegg til Tøyenbadet og Kommunegården

Walcon har dei siste par åra hatt 10 – 20 mann i arbeid i Oslo. Vi har fleire ulike oppdrag, der vi leverer komplette Marioff HI-FOG® høytrykks vanntåkeanlegg.

Fordelen med eit slikt anlegg er mange, til dømes så brukar det vesentlig mindre vatn enn tradisjonelt sprinkleranlegg, og røyra er mykje mindre en på sprinkleranlegg. Dette gjer at det vert mindre vasskade ved utløst anlegg, og at ein får auka himlingshøgde grunna små rørdimensjonar.

Når vatnet forstøvar skapar det ei større overflate, slik at det sørger for rask og effektiv kveling og nedkjøling av brannen.

Tøyenbadet

OSLOS STØRSTE BADEANLEGG

I samband med at det tradisjonsrike Tøyenbadet skal erstattast av heilt nytt anlegg har vi i Walcon fått oppdraget med å installere og levere alt materiell til  Marioff HI-FOG® vanntåkeanlegget som beskyttar heile bygget. Det gamle Tøyenbadet, som ligg på Grünerløkka i Oslo – vart rive i løpet av 2020, og grunnarbeidet starta opp i 2021. Etter planen skal Oslos største badeanlegg stå ferdig i 2024.

Det er Asplan Viak som er arkitekt og prosjekteringsansvarleg på anlegget og Bærum Rørleggerbedrift (BR) har ansvar for rørleggararbeidet. Vi i Walcon er underleverandør til BR – og leverer alt av materiale, installasjon og oppstart av vanntåkeanlegget.

Nye Tøyenbadet

SWECO – prosjektleiing

Oslos største badeanlegg er i ferd med å reise seg! Totalt syv bassenger og en vannflate på 2.700 kvadratmeter, vil gi et folkebad til idretten, skole, helse, mosjon, lek og velvære. Prosjektet nye Tøyenbadet omfatter riving av eksisterende bad og etablering av et nytt, større og moderne badeanlegg med fasiliteter både innendørs og utendørs, samt en flerbrukshall, og prosjektledelsen bidrar til at Oslo kommune når sine miljømål i samarbeid med de prosjekterende.

16.000 m² // 2.700 m² vassflate // 7 basseng

Foto Asplan Viak

arkitekt // landskapsarkitekt // rådgivende ingeniør

Rehabilitering Kommunegården i Bærum

Bærum Kommunale Pensjonskasse.

Strøm Gundersen (datterselskap i AF Gruppen) har hatt oppdraget med å bygge om og rehabilitere Kommunegården i Sandvika, for Bærum Kommunale Pensjonskasse.  Vi i Walcon har vore underleverandør til Bærum Rør som hadde VVS entreprisen. Kommunegården er eit viktig symbolbygg for Sandvika og Bærum kommune – og det er sett høge krav til klima- og miljøstandard og for openheit og tilgjengeligheit i bybildet.

Det er valt å bruke eit høytrykks vanntåkeanlegg, fordi bygget har låg takhøgde. Krysning av tekniske installasjonar ville gitt endå lågare himlingshøgde. Ved å nytte vanntåke istadenfor sprinkleranlegg kunne dei auke himlingshøgda med 100 mm i kontorareal.

Walcon har hatt 3 – 5 mann i arbeid på anlegget i rundt 2 år. Vi starta der etter påske i 2021, og bygget vart overlevert i desember 2022.

Arbeidsplassane i Kommunegården i Sandvika er totalrehabilitert, og står fram i ei heilt ny drakt. 700 arbeidsplassar er blitt til 1300, og prislappen er høg. Bygget var i så dårleg forfatning at bortimot alt blei rive og erstatta av «nybygg».

Bærum kommune