Walcon Pipetech satsar på automatiske sløkkeanlegg

SPRINKLER – SKUM – HØGTRYKKSVANNTÅKE

André F. Lothe, Malgorzata Slomka og Bjørn Tore Løkkebø kan fortelle om gode ordrar innan sløkkeanlegg. Det er mindre arbeid på norske verft, men vi er heldige som har fått fleire bein å stå på – smiler dei tre på kontoret i Florø. Med det nystarta selskapet Walcon Pipetech har dei sikra seg store jobbar på mellom anna lakseslakteri både i nord og sør.

Her har vi totalentreprisen og står for alt – frå prosjektering til import og innkjøp av skum- og sprinklerutstyr til montering og oppstart av anlegg. Walcon Pipetech er starta i lag med Gunnar Steen, som har lang fartstid i faget. Det er ein klar styrke for oss begge – for vi er svært gode på installasjon.