I desember 2023 kan Walcon feire 10-årsjubileum som røransvarleg hos Brødrene Aa, fortel produksjonsleiar André Fimland Lothe. Skipsverftet som har spesialisert seg på hurtigbåtar, er ein svært viktig og stabil kunde for oss i Walcon.
André starta å jobbe for Brødrene Aa i desember 2013, og Walcon har bemanna verftet med rørleggarar sidan januar 2014. Vi styrer alt av rørarbeid på skipsverftet, frå innkjøp og det tekniske arbeidet til bemanning. Det har vore ei utruleg spennande reise, fortel produksjonsleiaren som pendlar mellom Florø og Hyen fleire dagar for veka.
Første katamaranbåt i 2014
Brødrene Aa er flinke til å utvikle seg, og har levert ei rekke høgteknologiske katamaranar, som går som hurtiggåande passasjerbåtar, turistbåtar og ambulansebåtar. Den første hurtiggåande katamaranbåten i karbonfiber som Walcon var med på var bygg nummer (BN) 276. MS Tyrhaug på 42 meter blei levert i 2014, og er framleis i drift mellom Trondheim og Kristiansund.
Frå diesel til batteri
Sidan samarbeidet starta har vi i gjennomsnitt hatt 10 – 12 mann fast på verftet i Hyen, og vi har hatt ansvar for alt av rørarbeid på båtane. Endringane skjer raskt og vi er takknemlege for den tilliten Brødrene Aa har vist oss gjennom desse 10 åra. I 2013 var det dieselmotorar som var den vanlegaste framdrifta på katamaranbåtane, seinare blei det hybridmotorar og i dag er det først og fremst batteridrift som gjeld. Brødrene Aa sit i førarsete i denne utviklinga, som har gått utruleg raskt.
Rett folk og utstyr på rett plass
Arnulv Aa, som koordinerer arbeidet frå Brødrene Aa si side, fortel at han er svært fornøgd med samarbeidet. André tar ansvar for alt, frå å skaffe materiale og komponentar, forskjellig utstyr, delar og bemanning. Det er ein stor del av logistikken som må til for å få på plass alt vi treng til produksjonen. André veit kva som trengs, og set opp material-liste før arbeidet startar. Han sørger og for at vi til ei kvar tid har folk med rett kompetanse på plass. Det er mykje opp og ned med jobbar her, så det er avgjerande viktig at han veit kven som passar til dei ulike oppgåvene.
Verdsleiande
Så lang har Walcon og Br. Aa samarbeidd om 39 båtar, og i desse dagar jobbar dei med BN 314 og BN 315. Det er to elektrisk drivne passasjerbåtar, som Norled skal sette i drift i Nordland. Lothe fortel at starten på hybride og elektriske båtar var krevjande og samtidig lærerikt og spennande. Det blei stor sukkes med blant anna hybridbåtane av typen Seasight. BN 283 «Vision of the Fjords», BN 291 «Future of the Fjords» og BN 300 «Legacy of the Fjords» fekk alle stor merksemd – fordi Brødrene Aa er nytenkande og verdsleiande innan design av lette, høghastigheits passasjerfartøy laga av karbonfiber. BN 283 var verdas første elektriske hybrid passasjerfartøy i karbon. Den er bygd spesielt for sightseeing i dei norske fjordane, og vart kåra til Årets skip i 2016. Søsterskipet BN 291 var verdas første heilelektriske passasjerfartøy og fekk same utmerkinga i 2018.
Frå Hyen til verda
Det er utruleg mange båtar som kjem ut frå verftet i Hyen. André Fimland Lothe trekker fram dei topp moderne passasjerbåtane som er levert ut av landet dei siste åra. Frå 2018 til 2020 var Walcon involvert i 3 passasjerbåtar som vart levert til CKS i Kina. I 2022 vart det levert 3 passasjerbåtar av typen Aero Highspeed til Attica i Hellas.
Vi i Walcon er veldig takknemlege for å ha fått lov til å vere med på denne utviklinga gjennom dei siste 10 åra. Vi ser sjølvsagt fram til mange spennande år i lag med eit verft som ligg å topp når det gjeld nytenking og utvikling.
Arnulv Aa fortel at dei nyleg har tilsette ein eigen formann på rør og at dei har inne lærling i faget, elles brukar vi Walcon. Planen er at vi framleis skal ha eit tett samarbeid med André og Walcon, på same måte som i dag.